Hjem / Alle bøker / Spring!
7 forteljingar om nye og gamle hjarte
249 kr
På lager
Sju forteljingar om nye og gamle hjarte, om å lesa og om å finna ei trygg hamn.
Erna Osland har skrive sju korte forteljingar om vennskapet mellom Arild og dei eldre rundt han. På skulen slit Arild med å lesa, og når læraren seier at det er hans tur, slår hjartet fortare. Og fortare. Og befaler han å springa derifrå. Kor spring han då? Per Ragnar Møkleby har illustrert boka, som er finast å lesa saman, men òg fin å lesa sjølv. Dei sju forteljingane kan lesast som ei lang historie om Arild, eller kvar for seg.
VINNAR AV LITTERATURPRISEN – KULTURDEPARTEMENTETS PRISER FOR BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR utgitt 2022
«I denne hjartevarme boka […] kjem ordkunstnaren Erna Osland verkeleg til sin rett. Med tilsynelatande enkle grep får ho sagt utruleg mykje om lesevegring, det å flykte frå problem og – ikkje minst – om venskap mellom barn og eldre menneske. Språket er presist, poetisk og godt å lese, og forteljingane har eit gjennomført barneperspektiv. Dette er ei bok til å bli litt klokare av. Illustrasjonane til Per Ragnar Møkleby konkretiserer og understrekar dei mellommenneskelege relasjonane på ein varm og underfundig måte.» KUD-juryen
Om vegring og meistring – og om sterke band mellom barn og eldre. Frå 6-10 år
Format
Innbundet
Utgivelsesdato
15-09-2022
Kategorier
Språk
Nynorsk
Forlag
Omnipax
ISBN
9788283152210
Innbinding
Status
På lager
Utsolgt
Midlertidig utsolgt
Kommer snart
Oversetter
Originaltittel
249 kr
På lager